Carl A. Myrland · @cmyrland
850 followers · 918 posts · Server tutoteket.no

@periferien_
Tør påstå at holder høy standard!

#SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
419 followers · 294 posts · Server fribygda.no

Mektige Dotter:
Eg er motoren i bilen og du er bilen som køyrer :)

Eg:
... ?

Mektige Dotter:
*motorlyd*

Eg:
🥹

#Norsktut #allheimen #SnodigMasto #mektigedottersforstesnodigmasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
415 followers · 273 posts · Server fribygda.no

Slik, då skulle Sarumantikken vere sikra for ettertida :)

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
415 followers · 272 posts · Server fribygda.no

Saruman [diplomatisk]:
Kan vi ikkje halde råd att, gamle ven? Skipa fred mellom oss?

Théoden:
Det skal nok bli fred - DÅ DU HAR GJORT BOT FOR LUTRINGA AV VESTF--

Eg [kjem ut på balkongen att]:
Titt-titt alle saman, det er berre meg att :)

Saruman:
helsike dette no igjen

Eg [ropar ned]:
EG DEKKJER PÅ NO! NOKRE SÆRSKILDE ØNSKE I MATVEGEN?

Legolas:
har de biola?

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
415 followers · 271 posts · Server fribygda.no

Del 25

[Eg kjem ut på taket på Orthanc medan den slagne Saruman snakkar med Gandalf, Théoden og kompani]

Eg:
Neimen, har vi fått gjestar? Korfor har du ikkje sagt noko, herre? Og her som eg står med rullane i håret og greier :)

Saruman:
vent, ikkj--

Eg [ropar ned]:
ER DE SVOLTNE?

Gandalf:
litt

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
416 followers · 270 posts · Server fribygda.no

Del 24

[Ein stille efta i Orthanc]

Eg:
Duuu... kan vi grille i hagen ikveld?

Saruman:
Det kan vi gjere.

Eg:
Jaaa! Eg skal pakke ei korg med heimelaga saft og lembasbrød attåt :)

Saruman:
Eg skal berre gå og snikre hundretusen milliardar ûruk-haiar til å hogge ned Fangornskogen eg, så har vi ved til bålet :)

Eg:
Koseleg :)

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
416 followers · 269 posts · Server fribygda.no

Del 23

[Frukosttid høgt over Minas Morgul]

*Sam rotar febrilsk kring i sekken*

Sam:
A-alvebrødet er vekk! Nokon må ha tatt det!

Frodo:
Kva? Det var jo alt vi hadde att!

Eg:
khwen khan ha gjowt nohko slihkt

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
415 followers · 268 posts · Server fribygda.no

Balladen om Saruman og meg er ikkje heeeilt over enda, resten av arkivet kjem plutseleg.

Følgj knaggetaggen , så får de etter kvart heile sulamitten :)

#sarumantikk #Norsktut #allheimen #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
415 followers · 268 posts · Server fribygda.no

Del 22

[Storminga av Helmsdjup]

*eg spring inn framfor horden*

Eg:
App-app-app! Hald opp med storminga! Ikkje noko storming! Slutt å storme!

Ûruk-horden:
men--

Eg [streng]:
TYSS! Det er LANGT over leggetid for dykk!

*Folka på murane i Helmsdjup knisar*

Eg:
Og de i borgen, gje dykk med å skyte piler UMIDDELBUMS - nokon kan få dei i AUGET! Kjempefarleg! Skamme seg!

Legolas:
orsak :(

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
415 followers · 268 posts · Server fribygda.no

Del 21

[Saruman og Sauran er i ferd med å skipa ein allianse]

Saruman:
Kven kan no stå imot dei sameinte kreftene til Dei To Tår--

Eg [ropar frå stua]:
HERRE?

Saruman:
orsak meg - JA?

Eg:
EG SKULLE SETT NOKO PÅ PALANTIREN, MEN MEG OG TEKNOLOGI VEIT DU!

Saruman:
KVA SKAL DU SJÅ DÅ?

Eg [gråtkvelt]:
AUSTNYTT!

Saruman:
KANAL 3! -- hehe orsak dette, kor var vi? Jau - kven kan no stå imot dei sameinte...

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
413 followers · 264 posts · Server fribygda.no

Del 20

[Lurtz skal sendast ut på jakt etter Brorlaget]

Saruman:
Éin av halvingane ber på noko verdfullt, bring han til meg uskadd. Drep resten!

Eg [frå kjøkkenvindauget]:
Og Lurtz, gossinklump-

Saruman:
åh herregud dette no att

Eg:
Om de spring forbi landhandelen på heimvegen, så ver flink ûruk-gut og kjøp med litt mjølk og smør óg!

Lurtz:
RING, MJØLK, SMØR :)

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
413 followers · 263 posts · Server fribygda.no

Del 19

[Lurtz skal gje ordre til ûruk-fylkingen]

Lurtz:
FINN HALVINGANE! FINN HALV--

*eg dyttar han bestemt ned på stolen att*

Eg [streng, med hårnåler i munnvika]:
Veit du, det er VELDIG vanskeleg å gjere tøffe dreads på deg om du ikkje sit i ro, Lurtzeklumpedump!

Lurtz:
ynnsjyll

*dei andre ûruk-haiane knisar*

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
413 followers · 262 posts · Server fribygda.no

Saruman:
men- men han kan då ikkje berr--

Eg [empatisk]:
Er ikkje så greit å vere ein ûruk-hai i pûbert-hai heller, er det vel, Lurtziplutt?

Lurtz:
IKKJE SÅ GREIT, FORTENK!

Eg [kviskrar til Saruman]:
Sjå, no er han l e i s e g - be om orsaking!

Saruman:
E G ?

Eg [sintkviskrar]:
-Saruman!

Saruman [resignert til Lurtz]:
orsak

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
413 followers · 261 posts · Server fribygda.no

Del 18

[Eit rabalder gjallar over Jarnagard]

Saruman:
LUUURTZ!

*Lurtz kjem springande og gøymer seg bakom meg*

Eg:
Kva er det no?

Saruman:
No har han gjort slike helsikes handavtrykk med kvitmåling på muren IGJEN! Og sverd og spjut og ræl ligg STRØYDD over heile gardsplassen, eg heldt på å snubl--

Eg [mild]:
Jaja, okei, men lat han vere no. Det er mykje hormon & skit for tida, veit du.

(forts.)

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
413 followers · 261 posts · Server fribygda.no

Del 17

[Gjev Lurtz eit sverd på bursdagen hans]

Lurtz [svingar sverdet over hovudet]:
DREP HALVINGANE! DREP HALVI--

Eg [pedagogisk]:
I denne heimen seier vi "takk"

Lurtz:
ynnsjyll ...tåkh

Eg:
Sjå d e t var flink ûruk-haikrigsherre :)

Lurtz:
*mel nøgd*

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
413 followers · 259 posts · Server fribygda.no

Eg:
vi bur i eit fint tårn med hundretusen milliardar viltre ûruk-haiar og ein glad og snill balrog

Saurons Munn:
Men noko uroar deg?

Eg [gråtkvelt]:
ja, no har det komi fram at Saruman...

Saurons Munn [trøystande]:
Berre ta den tida du treng.

Eg:
han er... SØVNCARADHRASVEKKAR *græt stilt*

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
413 followers · 258 posts · Server fribygda.no

Del 16

[Listar meg ut i stua i nattserken og tastar inn eit nummer på palantiren]

Saurons Munn:
Støttelinja for Trollmannpårørande, du snakkar med Saurons Munn?

Eg:
ja hei, eg bur i lag med ein trollmann eg er glad i--

Saurons Munn [venleg]:
Jau, kven gjer ikkje det :)

Eg:
tihi

(forts.)

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
413 followers · 258 posts · Server fribygda.no

Del 15

[Saruman manar uruk-haihorden til strid]

Saruman:
Den Gamle Verda skal brenne. Skogar skal falle. Ein ny verdsorden skal skipast. Vi skal drive krigsmaskineriet med sverd, spyd og jernhand--

Eg:
Psst! Herre!

Saruman:
Kva no?

Eg:
*kviskrar han i øyret*

Saruman:
å... orsak alle saman, "sverd, spyd, saft og bollar" skulle det vere

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
413 followers · 256 posts · Server fribygda.no

Del 14

Saruman:
Orkane var opphaveleg forderva, forferdelege skapningar, men sjå på dei no - fullkomne: DEI KRIGERSKE URUK-HAIANE MINE!

Eg:
våre

Saurman:
Hm?

Eg:
"Dei krigerske uruk-haiane v å r e ".

Saruman:
oj orsak hehe, sjølvsagt. våre. eg meinte våre.

Eg [kaldt]:
Høyrer du seier det.

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago

'n Vegard · @tjabergnissen
410 followers · 254 posts · Server fribygda.no

Saruman:
Er det noko gale?

Eg:
Du, eg trur balroghelsiket har dratt med seg noko inn att :(

Saruman:
I g j e n ?

Eg:
Det ligg iallfall ein spiss hatt på kjøkengolvet. Og nokre skjeggtustar.

Saruman:
Resten, då?

Eg:
Vent, eg skal sjå under sofaen-- ÆÆÆSJ! Du, her ligg det både gand og ein god del alf :(

Saruman:
Helsike. Ja, der får vi for at vi gjorde den balrogluka i døra.

Eg [gråtkvelt]:
men tenk så fint for han å kome og gå som han vil då

#Norsktut #allheimen #sarumantikk #SnodigMasto

Last updated 1 year ago