Dagens #primstav: #Ågotsmesse eller musedagen. St. Agatha, nok ei martyrjomfru, som stod imot både tilnærmingar frå Quintianus, og seinare torturen frå hans medhjelparar.
Før døden fekk ho brysta kutta av, difor markerast festdagen i Catania, Sicilia på makabert vis med puppekaker. I tillegg velsignast ofte brød i feiringa.
Det lokale segnet om Ågot som vart biten av mus heilt til ho haldt dagen heilag fekk fotfeste i Noreg, som har ført til at dagen markerast med mus på nokre primstavar.