Har eg underliggjande surheit
seier SmokeyJo bak solbrillene og
Tender seier det er eg som er
bussbillett og Bibliotekaren trommar intenst på låra sine og seier eg trur
du er betre til å opna avløp.
#barhillno #mikrofiksjon #nynorsk #allheimen #Norsktut
men da må eg bu borti klysa
saman med resten av familien
seier Bly og løfter bikkja opp
i nabosetet med handtaket
på ryggjen og Mikro seier shot
er ein ganske stor slurk og i
morgon er det jo
søndag
#BarHillNo
#mikrofiksjon #mikrodikt #nynorsk
#allheimen #NorskTut
#barhillno #mikrofiksjon #mikrodikt #nynorsk #allheimen #Norsktut
Eg får berre køyre til og frå vask
seier EngleHarry på grunn av det der
med køyresetelen som er heilt
unødvendig og Bibliotekaren seier
det er vel ikke utan grunn du ikkje
får køyre med passasjerar.
#BarHillNo
#mikrofiksjon #mikrodikt
#nynorsk #NorskTut #allheimen
#Snabelfabel #AprilUnødvendig
#barhillno #mikrofiksjon #mikrodikt #nynorsk #Norsktut #allheimen #snabelfabel #aprilunodvendig
no sprutar vatnet skrått inn mot
salongen og ikkje berre rett ned
seier Tender men òg til båe
styrbord og babord og Smokey Jo
seier hæ kva er kva og eg seier kvar
er det derre unødvendige
ausekaret
#BarHillNo
#mikrofiksjon #mikrodikt
#snabelfabel #AprilUnødvendig
#allheimen #NorskTut
#barhillno #mikrofiksjon #mikrodikt #snabelfabel #aprilunodvendig #allheimen #Norsktut
og gaupespor kan det vel ikkje vere
seier Bibliotekaren og ser på biletet og
Mikro seier nei nei det er hare og
eg set frå meg dei to breiddfulle
stålbøttene med iskaldt brønnvatn og
det skvalpar over og EngleHarry
ser opp frå kabalen og seier
det var da heilt unødvendig og
Bibliotekaren seier felis lynx
#BarHillNo
#nynorsk #mikrofiksjon #SnabelFabel
#allheimen #NorskTut
#barhillno #nynorsk #mikrofiksjon #snabelfabel #allheimen #Norsktut
Eg har kjøpt ny brødkniv
seier Tender og ser på meg og
eg seier eg treng litt støtte og
Bibliotekaren sleng ei bok til
på bålet og seier kva
skal du med den
#barhillno #nynorsk #mikrofiksjon #allheimen
Linbukse seier SmokeyJo
er sjukt deilig om sumaren
og Bibliotekaren seier kan eg få
to poteter til og Tender seier
det blir tjue kroner og Mikro tek
teppet på skuldra.
#barhillno #nynorsk #mikrofiksjon #nynov
Treng du å gøyme deg
er det berre å seie frå seier
Bibliotekaren og opnar lokket og
Zadpig seier nokre er enklare
å teikne enn andre og
eg kan teikne deg
#barhillno #mikrofiksjon #nynorsk #allheimen
Eg minnest at vi diskuterte skilnaden
på klementinar og mandarinar og
at eg tok feil ja seier Zadpig
og granskar innsida av skalet
men samstundes har eg jo sørgeleg
klein hugs så kan hende eg
hadde rett.
#barhillno #nynorsk #mikrofiksjon #Norsktut #allheimen
legen min er ikkje akkurat på
tilbodssida for tida seier Bly og
Bibliotekaren skriv lungespesialist
i søkjefeltet og Mikro seier eg har
kjøpt brød
#barhillno #nynorsk #mikrofiksjon #nynov
eg må halde meg på matta seier
Bibliotekaren så eg kan ikkje og
Zadpig tek golfkølla og seier nei
for å gjere ei lang historie
kort du veit helsa
#barhillno #nynorsk #stuttfiksjon #kortprosa
eg har fasta seier Zadpig og
Bibliotekaren riv ei side ut or ei bok og
set ho attende i hylla og
seier javisst eg hugsar det var
i to timar
#barhillno #mikrofiksjon #snabelfabel #nynorsk #Norsktut
eg seier korkje øyrefik eller kilevink
eller sansekake
seier Bibliotekaren og Tender
held fram med å tørke av disken og
seier neivel men eg sa
ikkje at du var heilt
nedsnødd
#barhillno #nynorsk #mikrofiksjon #snabelfabel
dette var gildt seier Mikro
kry og Bibliotekaren les denne
setninga og seier kor
gammal er du
eigentleg
#barhillno #mikrofiksjon #snabelfabel #Norsktut #nynorsk