#Bergensentrum Meldt om ein uvedkomande i eit kombinert butikk/kontor/lagerbygg. Han forsvann i ei heis retning kjellaren, men ein patrulje har funne vedkommande. Mannen i 30-åra er kjend av oss og har prøvd å stela diverse frå staden. Melding.
#Bergensentrum #Korskirkeallmenningen Meldt om ein person som skal ha vifta med ein kniv, men ingen skadd. Patruljar raskt på staden og har kontroll på mannen i slutten av 50-åra. Funnet ein slags samekniv og narkotika på mannen.
#bergensentrum #korskirkeallmenningen
#Bergensentrum Kl. 02.48 Melde om to menn som bråkar ute i gata. Forklarer til politiet at dei er turistar og leiger ei leilegheit på staden. Kjem seg ikkje inn då tredjemann har nøkkelen og har sovna. Politiet foreslår å ta inn på hotell, ønskjer ikkje dette. Inga melding.
#Bergensentrum Kl. 02.16 Rusa mann ringjer på døra til melder og nektar å gå. Mannen kjent frå forhold i Hollendergaten tidlegare i kveld der han fekk pålegg om å forlata sentrum. Meldt for brot på politiets pålegg. Innsett i drukkenskapsarrest på grunn av ordensforstyrring.
#Bergensentrum Kl. 23.59 Melde om skrik og hyl frå leilegheit. Patruljen i kontakt med med to unge menn som med stort engasjement spelte playstation. Lovnad om å avslutta speling eller spela med mindre innleving.
#bergensentrum Kl. 23.57. Eldre bebuar frå sjukeheim i sentrum meldt sakna. Patrulje i nordre bydel treft vedkommande. Køyrt tilbake til sjukeheimen. Stod fram som i god form.
#Bergensentrum Meldt at nokon har stole ein elektrisk rullestol, stod på lading utanfor eigar/melders hus. Svart rullestol utan puter. Me leitar med fleire patruljar, om nokon ser nokon i bybiletet som ikkje har tilhøyrsel til ein slik rullestol, ring oss!
#Bergensentrum kl 0118 Meldt om to personar som blanda seg inn i arbeidet til ein ambulanse og dessutan krangla/kverrulerte med vektarar på staden. To menn i 30-åra vist bort frå Bergen sentrum.
#Bergensentrum #TorborgNedraasgate Meldt om trafikkulykke, mc klarde ikkje sving og mogleg køyrd i vegg på bygning. Nødetatane er på staden.
#bergensentrum #torborgnedraasgate
#Bergensentrum kl 0039 Meldt frå tilsett i nattopen kiosk om at han hadde vorte dytta til av to kvinnelege kundar. Me har snakka med begge partar, ingen vil melda og motstridande forklaringar.
#Bergensentrum Meldt om ein mann som utøvde skadeverk på Festspill-installasjonar på Torgallmenningen. Gjerningsmannen (i 30-åra) flykta til fots inn i Sydnestunnelen, der han vart teke igjen av ein patrulje i bil. Han er anholdt medan me nøstar i omfanget.
#Bergensentrum kl 2343 Meldt om ein mann som utøvde vald mot ei kvinne gatelangs. Også vore aggressiv med andre forbipasserande. Utaggerende mot politiet òg. Mannen i 30-åra meldt for vald mot politi og andre, innsett i arrest.
#Bergensentrum kl 0329 Meldt om hissig mann i basketak med vekter. Viste seg at han meinte han fekk feil hamburgar på serveringsstad, vart sint, kasta maten på golvet og vart deretter prøvd vist bort av vekter. Vist bort frå sentrum av politiet.
#Bergensentrum Meldt om ein rusa person som kasta ein livbøye (!) på forbipasserande. Me er no i kontakt med mannen, og livbøyen er like ved.
#Bergensentrum Kl 1050 meldt om tjuveri av ein berbar pc frå bedrift, den fornærma fekk teke bilete av gjerningsmannen. Kjent igjen av politiet og me har no ransaka på ei adresse. Funnet datamaskina som no blir tilbakelevert.
#Bergensentrum kl 0130 Sat ei ung dame og mann nesten oppe ved kyrkjespiret på Johanneskirken. Teke seg opp via eit stillas. Kommandert ned og også her einigheit om at dette ikkje var så lurt. Vist bort frå sentrum.
#Bergensentrum kl 0326 Mann angiveleg urinerte oppetter husvegg. Oppdaga av huseigar som konfronterte vedkommande, eksalerte til slåssing men ingen skadde. Begge godt rusa. Begge vil melda kvarandre i ettertid.
#Bergensentrum Meldt om ei kvinne med berr overkropp berre iført ein shorts, trillande på ei slags vogn. Laget litt oppstandelse rundt seg. Politiet måtte bruka peparspray då ho kasta vogna mot patruljen. Blir framstilt for helsevesenet.
#Bergen #bergensentrum Travel natt for politiet. Fleire ordensforstyrringar, tilløp til slagsmål og rusa personar i byen. Sju personar tekne med til arresten.
#Bergensentrum kl 0202 Meldt frå vektarar på utestad om mann som viste fram ein kniv til andre på staden, men ingen trusselsituasjon/ikkje aggressiv. Vedkommande (i 50-åra) var rusa, blir meldt for bæring av kniv på offentleg stad og bortvist frå området.