Markus đŸŒ± · @markus
111 followers · 174 posts · Server skvip.lol

Det eg kanskje er mest bortskjemt pĂ„ er bussrutar. Det meste av Ă„ret gĂ„r det alltidâ„ąïž ein buss frĂ„ heime til jobb.

Latskapen av Ä berre gÄ til busstoppet fordi eg aldri mÄ vente lengre enn seks minutt straffar seg pÄ sumaren nÄr sumarrutane til avljosar den eine ruta mi og justerar ned frekvensen pÄ den andre.

Plutseleg blir eg forsinka til morgonmĂžtane eg alltid er aller fyrst til.

#skyss #norsktut #busstut #kollektivt #nynorsktut

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
63 followers · 77 posts · Server skvip.lol

I dag var me utru mot toget for fyrste gong... Buss til !

Diverre har Skottland lagt toglinjane sine slik at sÞrvest ikkje er kobla i lag med nordvest. Tenk sÄ rart! Tenk at eit land ville latt toglinjane sine dingle i vest! Utenkeleg.

Bussturen var grei, Loch Ness pÄ langs, men dei kan gjerne spandere litt varme pÄ seg i CityLink. Aldri frÞset sÄ mykje pÄ offentleg transport.

#inverness #interrail #togtut #busstut #norsktut #nynorsktut

Last updated 1 year ago