Fint ved kysten i dag.

#portugal #cascais #ferietut

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
155 followers · 368 posts · Server skvip.lol

Under ferien i juli sÄ sendte me kort heim til oss sjÞlve ved jamne mellomrom. SmÄ kort om kor me var og kva me gjorde. Tanken var Ä lage ei minnebok ut av dei.

Nesten alle korta kom til bortsett frÄ to som me postla me hjÄ eit hotell i . «Hotellet har sikkert glÞymd ut postkassa si» har me tulla med. Men???

I dag lĂ„ plutseleg dei siste to korta i postkassa! đŸ„ł No kan me endeleg fullfĂžre postkortboka vĂ„r.

#bergen #wales #postkort #ferietut #norsktut #nynorsktut #allheimen

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
129 followers · 224 posts · Server skvip.lol

Den planlagte haustferie-togturen innehaldt nattog pÄ Dovrebanen... SpÞrs kor hÞgaktuell ferien blir no.

#hans #togtut #reisetut #ferietut #norsktut #nynorsktut #nrk

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
125 followers · 211 posts · Server skvip.lol

For to vekar sida kom eg og mi trulova heim frÄ ein fire vekar lang -ferie. No sitt me og planlegg ei vekeslang togferie i oktober.

Eg gjorde rett i Ă„ fri til ho!

#interrail #norsktut #nynorsktut #togtut #ferietut

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
114 followers · 182 posts · Server skvip.lol

Denne veka har eg ikkje «hatt tida» til noko som helst. Eg er allereie langt bak fleire ting eg ville fÄ til bÄe heime og pÄ .

Det er sÄ fort blitt eit mysterium koss eg fÞrre mÄned klarte Ä besÞke eit fleirtal byar, sjÄ intetessante teaterstykkar, vitja fantastiske naturlandskap, ete inspirerande mat... Alt pÄ same tida som eg no har oppretta ingenting!

#jobb #norsktut #nynorsktut #ferietut

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
109 followers · 172 posts · Server skvip.lol

Markus i morges: «Det skal egenleg gÄ heilt fint Ä kome tilbake pÄ jobb! Eg er klar etter sÄ lang ferie, sikkert masse nytt Ä gripe fatt i.»

Markus heile dagen: «HerreguuuUuUuUuuUuuuUUUud, sĂ„Ă„Ă…Ă„Ă„Ă„ keeeeeisamt. đŸ’€Â»

#jobb #norsktut #nynorsktut #ferietut

Last updated 1 year ago

Boardda Mihkkal · @mbergnordlie
637 followers · 1940 posts · Server samenet.social

Utforsking av den villere delen av HÄÞya. Stien opp mot Varden og de gamle kanonstillingene gÄr forbi ei spennende hule.

#oslo #oslove #ferietut #Norsktut

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
107 followers · 166 posts · Server skvip.lol

Mellom og under tok me oss ein tur innom Bergen Kunsthall for ei ljodbasert utstilling. Den innehaldt blant anna klaprende tennar, mikrofonar, og gamle jarnbaneskinnar.

#barbie #oppenheimer #barbenheimer #bartenheimer #turistieigaby #ferietut #norsktut #nynorsktut

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
103 followers · 157 posts · Server skvip.lol

Det fine me Ä ha vore pÄ ferie med svak krone i dyre land er at me ikkje blir overraska over prisane nÄr me no handlar mat i Noreg.

#ferietut #norsktut #nynorsktut #pengetut

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
97 followers · 153 posts · Server skvip.lol

I grunn brukte me fire vekar og to timar pÄ Ä bytte perrong frÄ avbileta venstre her til den avbileta hÞgre. Lang omveg via Inverness i nord av Skottland.

For ein tur! Tidenes ferie. No mÄ eg finne ut av kva kvardags-Markus skal tute om.

#ferietut #reisetut #interrail #togtut #norsktut #nynorsktut #bergensbanen

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
96 followers · 152 posts · Server skvip.lol

NÄr me forlot Oslo S pÄstod toget det var 28 gradar. Me antok det mÄlte temperaturen i direkte solljos pÄ utsida av vogna.

No er me pÄ Gol, fjella skuggar for sola, me er 207 meter over havet, og toget pÄstÄr det nÊrmar seg 50 gradar celsius.

Bra det er aircondition pĂ„ toget. đŸ„”

#togtut #reisetut #ferietut #bergensbanen #norsktut #nynorsktut #interrail

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
96 followers · 152 posts · Server skvip.lol

Hadde glĂžymd litt at har nokre flotte vyar. Eg pleiar aller mest Ă„ sove forbi alt det landskapet her.

Men herregud sÄ treigt! Denne farten er eg ikkje vant til lengre. Eg har tatt tog denne ferien kor nÄr farten ble sÄ lav som dette sÄ kom konduktÞren pÄ anlegget for Ä beklage og forklare.

#bergensbanen #togtut #ferietut #interrail #reisetut #norsktut #nynorsktut

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
96 followers · 145 posts · Server skvip.lol

Kjapp middag og shoppetur i Oslo fÞr toget vidare til Bergen. Me har blitt klÞppere pÄ Ä «gjera ein by» i mellom to tog har me bestemt.

#togtut #ferietut #reisetut #norsktut #nynorsktut

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
93 followers · 143 posts · Server skvip.lol

Etter fire vekar pÄ sÄ sitt me plutseleg pÄ eit Vy-tog og hÞyrar norske konduktÞrar over hÞgtalaren. FÞles nesten som om me er heime, sjÞlv om det er nÊrmare 14 timar fÞr me er i eiga leiglegheit.

Det er gÞy koss det fins forskjellege grensar for «no er eg heime» alt ettersom kor langt du har reist. Etter fire vekar pÄ tog er visst grensa allereie pÄ RE20 i GÞteborg!

#interrail #togtut #reisetut #ferietut #norsktut #nynorsktut

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
93 followers · 143 posts · Server skvip.lol

Me flytta oss pÄ toget fordi ein gjeng hÞgljodte personar i sekstiÄra var i sÄ godt lag at det ikkje gjekk an Ä hÞyre ljodbok ein gong. Me brukte ein time pÄ Ä bestemme oss for Ä flytte, dÄ gjekk dei sÄ klart av pÄ stoppet to minutt etter.

#reisetut #togtut #ferietut #interrail #norsktut #nynorsktut

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
93 followers · 140 posts · Server skvip.lol

Etter ein gĂžy ettermiddag pĂ„ sĂ„ fann me eit kveldstog til GĂžteborg. No fĂ„r me verkeleg kjenne pĂ„ kor kjipt det er med togselskap som berre markerar setar med «kan vera dette setet er opptatt, idk đŸ€·.»

No sitt me med is i magen pÄ eit tog sÄ fullt at folk stÄr i midtgongen, hÄpar at ingen skal kome og hive oss ut av setane vÄre.

#tivoli #togtut #reisetut #ferietut #interrail

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
93 followers · 137 posts · Server skvip.lol

Me har blitt sÄ reisevante at i grunn er naboby med GÞteborg mtp reisetid. Difor tek me oss ein tri timars pause her for Ä gÄ pÄ og ete middag.

Eine berg-og-dalbana er jo eit tog!

#kobenhavn #tivoli #reisetut #togtut #ferietut #norsktut #nynorsktut

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
92 followers · 136 posts · Server skvip.lol

Normalt sett gÄr toget direkte Hamburg -> KÞbenhavn, men me har sÄ klart vore sÄ heldige at me planla retur nett den veka det er banearbeid!

DÄ blir det halvkansellert tog til Fredericia (stÄr oppfÞrt som kansellert i DB sin app) i tri timar, buss for tog til Slagelse i to timar, og sÄ tog til KÞbenhavn i fÞrti minutt.

TrÞblane ble noko vegd opp av at det var berre femten meter frÄ dÞra pÄ hotellet til togperrongen.

#ferietut #reisetut #togtut #norsktut #nynorsktut #interrail

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
91 followers · 132 posts · Server skvip.lol

Det beste med returen er at Oslo - Bergen faktisk er med i -billetten. Gitt at me tek turen same dag som me ankommer Oslo frÄ GÞteborg. Det var me ikkje klar over fÞr me var halvvegs ut i ferien!

#interrail #ferietut #togtut #reisetut #norsktut #nynorsktut

Last updated 1 year ago

Markus đŸŒ± · @markus
90 followers · 129 posts · Server skvip.lol

I er eg forÞvrig nesten overbevist om at ein kan reise gratis sÄ lenge ein har ein QR-kode pÄ skjermen. Ikkje eit einaste togselskap klarte Ä lese koden til -billetten.

Alle konduktÞrar scanna koden, men trykka vekk feilmeldinga pÄ apperatet sitt i refleks.

Ein konduktÞr visste Ä tulle med det, og ei handfull andre (be-)klaga over at det ikkje fungerte, men at dei sÄ klart visste at me hadde gyldig billett, altsÄ.

#storbritannia #interrail #togtut #ferietut #reisetut #norsktut #nynorsktut

Last updated 1 year ago