Eg såg eit herleg bilete av furuskog i feeden, og kom på dette diktet eg skreiv for nokre år sidan:
om eg fekk velje
ville eg valt
furu
med tette greiner
til å hjelpe ein liten kropp
opp
med hestemaur
på veg opp ned
på tvers
med grov bark
som er kjekk
Ã¥ pille av
med angande kvae
som klissar til
små hender
om eg fekk velje
ville eg valt
furukrone
#dikt #poesi #furu #skog #barndom