Som ein høgst påvirkeleg person, er lunsjen prega av både årets Twitterfeed og nye trendar på Mastodon. #gamalost
God marknad for #gamalost nedi Vesleasia, for slik ost er sjeldan vare hjå tyrken. Men heile vinningi fer med når varmhjarta farmannen plent skal løysa armingar frå trælekòr.
Den uppattprenta Solveig Muren Sanden-klassikaren i Tuss og troll-heftet i år råkar tidsåndi her på masto. #gamalost
Kjøpte ein #gamalost til halv pris pga. dato. No har eg dynka han i akevitt, og ein av dei komande dagane, om ikkje i kveld, skal eg lura syster mi til å eta frå han.
Det skal visstnok ha vore tilfeldige førekomstar av penicillin i nokre av gamalostane som vart laga før den moderne industrielle produksjonen. Det er jo ein forførande tanke at folk i mellomalderen tilfeldigvis kan ha vorte kurerte for sjukdommar som elles ville ha teke livet av dei på grunn av at dei åt #gamalost.
Her er ein svært lesverdig artikkel om #gamalost sett med utanlandske briller: https://www.vice.com/en/article/qvyvax/on-the-hunt-for-gamalost-cheese-norways-viking-viagra
Her finst ein gamal artikkel om #gamalost, med fine litterære referanser og sitat:
https://www.aperitif.no/artikler/gi-gamalosten-sjansen,182373