#Kinotur: Renfield.
Eg kosa meg i salen av ein tidvis gøy film med overdriven hypervald.
I tillegg er Dracula gestalta av Nicholas Cage på ekte nicholas-cageisk vis, og det aleine er verdt kinobilletten.
Pluss for mykje snadder for Dracula-entusiastar i kostyme, sminke, prydnad, filmmusikk m.m.
Premisset om Renfield i terapi for sitt giftige forhold var interessant. Alt som handla om dette var fengande.
Men filmen har også eit dørgande keisamt mafia-b-plott som diverre trekk ned.
#Kinotur: The Fablemans. Fin oppveksthistorie om då Steven Spielberg – her Sammy Fabelman – oppdaga film.
Michelle Williams og Gabriel LaBelle leverer utan tvil gode prestasjonar, men eg vil trekkje fram Julia Butters som systera Reggie som eit særskilt lyspunkt. Ho imponerte!
Filmen er på ingen måte dårleg. Men trass mange gode augeblikk (sluttscena er fenomenal!), klarar han aldri heilt å engasjere. Det er ei personleg historie, men fortalt med ein distanse som tar vekk frå det emosjonelle.