Dokumentarfilmen Three Identical Strangers er no tilgjengeleg i NRK TV. Tilrådd!
https://tv.nrk.no/program/KOID21008422
Filmen var på #Kosmorama i 2019.
#kosmorama #filmtips #filmsnakk
7 dagar, 31 filmar. Det var alt for i år på #Kosmorama #filmfestival i #Trondheim.
#kosmorama #filmfestival #trondheim
Film 31: The Eternal Daughter (drama, Storbritannia, 2022). Svært atmosfærisk film om minne og forholdet mellom mor og dotter. Tilda Swinton speler mot seg sjølv i ei setting som minnar om ein gotisk grøssar, eit tåkelagt og tilsynelatande nesten øde hotell. Flott spelt med mange nyansar, og ei personleg historie, og eit verknadsfullt ljodbilete.
#Kosmorama
Film 30: Falcon Lake (drama, Canada, 2022). Fint oppvekstdrama/coming-of-age om seksuell oppvakning i tenåra. Eg følte at jenta var skrive litt som ei manic pixie dream girl, men det er kanskje greitt å vere når ein berre er 16 år. Det var også interessant at filmen seksualiserer ho gjennom auga til den 14-årige guten utan at det kjennast slibrig ut. Godt regissert, men eg var ikkje heilt begeistra for slutten.
#Kosmorama
Film 29: Mother and Son (drama, Frankrike, 2022). Sosialrealistisk familiedrama om ei mor og to gutar gjennom mange år. Filmen gjer fleire byks i tid, og det tar litt tid å orientere seg etter kvart slikt skifte. Akkurat dette aspektet likte eg. Filmen hadde også eit godt kvinnesyn.
#Kosmorama
Film 28: The Maiden (drama, Canada, 2022). Ungdomsdrama om einsemd. Filmen har mange lange tagningar og lite dialog, og fortel på det viset kor aleine figurane føler seg. Saktegåande, men med nydeleg foto på analog film gjer filmen seg fortent til det. Historia kunne vore stramma inn litt, vi manglar ein konklusjon på ein av trådane.
#Kosmorama
Film 27: The Five Devils (drama, Frankrike, 2022). Eit spennande drama med litt magisk realisme som drivkraft. Ei historie om å oppdage at foreldra har hatt eit liv før deg.
#Kosmorama
Film 26: Love Life (drama, Japan, 2022). Modent og vakkert om død, kjærleik og parforhold, med eit nydeleg foto.
#Kosmorama
Film 25: Vesper (science fiction, Litauen/Frankrike/Belgia, 2022). Ein dyster, dystopisk framtidsvisjon med ein imponerande scenografi som gir filmen ein rik atmosfære som får tankane til å gå i retning av Gilliam eller Jeunet. Litt ujamn, men vel verdt ein tur.
#Kosmorama
Film 24: How To Blow Up A Pipeline (spenning, USA, 2022). Eg... trur eg står på ei eller anna liste etter å ha sett denne filmen om øko-terroristar som vil sprengje eit oljerøyr. God dramaturgi med eit flott lydspor som bidrar til den spente stemninga. Eg sakna litt meir om bakgrunnen til dei unge hovudpersonane, sjølv om motivasjonen var klar nok.
#Kosmorama
Etter tjue pluss filmar og mange hugrørsle og inntrykk som hjernen ikkje rekk å prosessere, så forsvinn tydelegvis mitt munnlege vokabular. Og @gaski berre flirar av meg 😅
Det er deilig å vere på #Kosmorama #filmfestival, men det skal bli godt å kome heim igjen òg.
Film 23: Ola - en helt vanlig uvanlig fyr (dokumentar, Noreg, 2023). Fint feel-good-portrett av Ola, ein mann med psykisk utviklingshemming i det skjønne bufellesskapet Vidaråsen. Ola er velartikulert og reflektert, og tenkjer mykje på det å vere annleis. God start på festivaldag 6.
#Kosmorama
Film 22: Chevalier (historisk drama, USA, 2022). Glatt og velprodusert film om den historiske personen Joseph Bologne. Teknisk god, men uoppfinnsam. Det var interssant å lære om Bologne. Men filmen kunne handla meir om rasisme, klassisisme, og dei politiske og sosiale årsakene som førte til den franske revolusjonen. Historia pirkar berre såvidt borti dette.
#Kosmorama
Film 21: The Blue Caftan (drama, Marokko, 2022). Ein sorgmodig film om forboden kjærleik mellom to menn, som begge prøver å trykke ned kjenslene, i skjul for seg sjølv, kvarandre og for kona til den eldre mannen. Fine rolleprestasjonar, særleg frå kona, men historia er litt tynn. Eg vart meir oppteken av å finne ut av kor eg hadde sett den mannlege hovudrolla før. Det viste seg å vere Saleh Bakri, frå dei tidlegare festivalfilmane Girafada (2013) og Costa Brava, Libanon (2021).
#Kosmorama
Minner følgjarane av #filmprat om tråden min over filmane eg ser på #Kosmorama #filmfestival. Eg har runda 20 filmar til no: https://snabelen.no/@simon/109976637314791850
#filmprat #kosmorama #filmfestival
Film 20: Forever Young (drama, Frankrike, 2022). Ein film om unge håpefulle på ei skule for scenekunst på åttitalet, som tar opp tema som graviditet, overdose og ein draum om å leve evig. Hmm. Det høyrest ut som Fame (1980), som er ein mykje betre film. I Forever Young får vi flate rollefigurar, klisjear på rekke og rad, teatralsk, overdrivent skodespel, og pretensiøs og veldig fransk dialog. Skuffande film.
#Kosmorama
Film 19: A Hundred Flowers (drama, Japan, 2022). Trist og poetisk om demens, vonde og gode minne og familie. Verknadsfulle scener som manipulerer tid og rom på desorienterande vis, set oss inn i hovudet på den stadig meir forvirra Yuriko, men prøver aldri å latterleggjere ho eller tilstanden. Flott spelt hovudrolleinnehavaren.
#Kosmorama
Film 18: Pearl (thriller, USA, 2022). Oppfølgjar til filmen X, og FOR ein oppfølgjar det er! Der fyrstefilmen har ein skitten og ubehageleg estetikk som skal minne om Texas Chain Saw Massacre, viser Pearl dei same stadene i fargerik technicolor-prakt. Og Mia Goth - for ein tour de force ho er! Filmen står godt på eigne bein, men saman med fyrstefilmen er dette sprengstoff! Dagens favoritt!
#Kosmorama
Film 17: 1976 (drama-thriller, Chile, 2022). Ein stillfaren politisk thriller med eit fenomenalt lydspor, godt plassert i 70-talet rett etter at Pinochet-diktaturet var blitt eit faktum. Følg med på fargar, særleg blå og raud. Men ikkje forvent kvass kritikk eller intens action, her er det det usagte som rår. Eg skjøner kvifor denne har blitt ein festivalfavoritt kring om i verda, men dette er ikkje heilt min type film.
#Kosmorama
Film 16: A Gaza Weekend (komedie, Palestina, 2022). Farse om ein virusepidemi i Israel og eit fluktforsøk gjennom Gazastripa - som no er blitt verdas tryggaste stad. (Viruset heiter ARS og uttalast rett fram og nøyaktig slik du trur.) Til farse å vere er latterkulene litt langt frå kvarandre, men humoren er varm og regien er stødig. Eg likte han.
#Kosmorama