Da vart det #Sopptur med erfarne folk i dag, og eg har fått utvida repertoaret av typar eg er trygg på å plukke.
Det var altså så mykje sopp! Vi plukka ikkje ein brøkdel av det vi fann. Eg er glad eg tok med berre to bøtter så eg ikkje gjekk heilt bananas. Det blir definitivt fleire turar!
No står pizza med lokal sopp og sjølvdyrka purre i omnen. Håpar det smakar godt!
Frå venstre: gul trompetsopp, traktkantarell, bleik piggsopp (fann òg gul) og gul kantarell.
#NorskTut #Matauk
Var på kantatelltur i dag. Det er den einaste soppen eg tør å plukke enno. For eit år sidan var eg meg naboane på sopptur, og da plukka vi traktkantarell. Eg truuuuur det er det eg fann i dag. 99% sikker. Artsorakelet seier 100%. Men eg tør likevel ikkje plukke dei. Skal få med meg ei kusine og kanskje naboane ein dag snart for å plukke dei. For om det er riktig at det er traktkantarell, så er det så inn i granskauen mykje av dei akkurat der! 🥰
#NorskTut #Matauk
Dro opp til "Vatnet" for å løpe ein runde og plukke ei bøtte med blåbær. Nokre timar seinare kom eg heim med dette 🤩
No skal eg ete middag. Siste rest av suppa eg laga for eit par dagar sidan: fjorårskantatell, purre frå hagen og potet. Med rundstykke eg baka i dag tidleg. Bringebær og yoghurt til dessert. Ikkje verst.
#NorskTut #Matauk
Med tanke på at det er et helt elendig soppår i Nord-Norge på grunn av tørken så er det jo betryggende at det ikke ser ut til å påvirke bærhøsten i like stor grad. Så da får jeg konsentrert meg om det til vi forhåpentligvis får regn. Fikk plukket 6-7 liter blåbær i dag.
Brukte kvelden før kvelden på å preppe mitt første spekelår av rådyr. 🤤 Opplanda leverer jul. #matauk