Guro · @TanteGulo
87 followers · 454 posts · Server snabelen.no

Eg kjeda meg litt tidlegare i kveld, så eg surra sjalottlauk og kvitlauk i olje, tilsette hakka tomat, grønnsaksbuljong, raspa gulrot, sellerirot og squash, og purre, pluss krydra med pepar og oregano. Kokte lenge til nesten all væska var borte.
Smurte tjukt lag på loffskiver og la på ost. Inn i steikeomnen. Nam! Ostesmørbrød på eit heilt anna nivå!
Har pastasaus til ein annan dag.

#Norsktut #matlaging

Last updated 1 year ago

Guro · @TanteGulo
87 followers · 381 posts · Server snabelen.no

Ting eg omtrent alltid har i frysaren:
- rundstykke med frø og kjernar (eiga oppskrift)
- squash- (og gulrot)pannekaker (bama.no)
- banan- og valnøttmuffins (frukt.no)
- ostebriks (nrk.no)
- gulrotvaflar (frukt.no)
- pizzasnurrar (eiga oppskrift)
Hyvar i mikroen etter behov. Godt som turmat. Et fleire av desse kvar dag.

#Norsktut #matlaging

Last updated 1 year ago

Markus 🌱 · @markus
116 followers · 192 posts · Server skvip.lol

Min favoritt blant veganske påverkarar har plutseleg (?) gøymd fleire av oppskriftane sine bak !

Ho forten 100% pengane mine for alle dei gode oppskriftane eg har fått, men så klart oppdagar eg det når eg skal dobbelsjekke oppskrifta for desserten eg skal lage i morgon. 😭

#betalingsmur #vegansk #norsktut #nynorsktut #matlaging #matheimen

Last updated 1 year ago

Guro · @TanteGulo
53 followers · 143 posts · Server snabelen.no

No blir det blåbær crumble og heimelaga is til dessert! 😋

#matlaging #Norsktut

Last updated 1 year ago

Guro · @TanteGulo
46 followers · 103 posts · Server snabelen.no

Tid for litt kos. Heimelaga sjokoladecookie og sitronis.

#matlaging #kos #norskttut

Last updated 1 year ago

Guro · @TanteGulo
41 followers · 78 posts · Server snabelen.no

Har òg innvia den nye airfryeren med potetbåtar til middagen. Holy f**k! Det var himmelsk godt!

#matlaging #norskttut

Last updated 1 year ago

Guro · @TanteGulo
41 followers · 74 posts · Server snabelen.no

Det var på tide å lage nye squash- og gulrotpannekaker, for det et eg til lunsj kvar dag og har alltid i frysaren. Og sidan eg skulle rive gulrot, kunne eg jo likså greit lage nye gulrotvaflar, for dei var ein suksess. Og da eg tok grønnsakene ut av kjøleskapet, fann eg ein sitron, så: hello!!! Sitronis! Og medan ting steikte, kunne eg jo berre sette ein rundstykkedeig, for det var eg òg snart tom for.
Det balla på seg, gitt. No, mett og go'.

#matlaging #Norsktut

Last updated 1 year ago

Guro · @TanteGulo
37 followers · 52 posts · Server snabelen.no

I dag tok eg opp siste begeret med rørt blåbærsyltetøy frå frysaren. Dette et eg til frukost kvar morgon, så eg må seie fjorårets batch rakk sånn akkurat til neste sesong.
Eg har framleis nokre beger med kantarell i frysaren, og eg skal DEFINITIVT lage meir krema suppe med kantarell, potet og purre før hausten. Nam!

#heimelaga #Norsktut #matlaging

Last updated 1 year ago