fyret lokka meg ut av trengsla
det var eit sus og eit sod
som møtte meg, havbruset
løfta meg opp blant krykkjene
dei skreik ikkje då, dei song
om leikande liv blant bølgjene
flytande på luftstraumane
himmel og hav i livsbejaande dagar
som aldri tok slutt
når radioen ikkje lét
når TV-en teier seg i stilt
når skummet på teen
knitrar, sukkar
og klokka på veggen
har slutta å krevje tid
då høyrer eg
min eigen pust
den krev
i nåde, ingenting
vi røyver oss gjennom allheimen
i 2,2 millionar km/t
ikkje rart om vi stundom treng
ei rast i råsa
#allheimen #Norsktut #mikropoesi
@Fivrelden @AnitaH2
Kan vel slenge på flere, jeg støtter også #mikrodikt som @MaryPot foreslår, og hvorfor ikke #mikropoesi også?! Jeg bruker dessuten #mikrofiksjon som en slags arvtaker etter #nynov som vi minnes med glede og vemod fra der vi hang før.
#mikrodikt #mikropoesi #mikrofiksjon #nynov #allheimen #Norsktut
ikkje tråkk i hundetisset
seier EngleHarry det er ikkje farlig
det er berre hundetiss men
likevel og Bibliotekaren og
Mikro berre
#BarHillNo #nynorsk #mikropoesi #mikroprosa
eg sat med hjartet i handa
seier Bibliotekaren og Bly seier
du meiner vel halsen og
Bibliotekaren seier no veit eg ikkje
heilt kvar eg har det men eg vonar
eg finn det att
#BarHillNo #mikropoesi #snabelfabel #nynorsk #Norsktut