Dagens #primstav: #PeterStol eller #PederVarmstein, frå martyrdøden til disippelen Peter, den første paven.
I Noreg var dagen først og fremst teikna ved forestillinga om at Peder no kasta varme steinar i sjø og vatn for å tine is, mange rekna det som første vårdag, då telen snur.
Nokre stader på sørlandet vart du gravlagd utanfor kyrkjegarden om du gjekk gjennom isen etter denne dagen, innforstått som sjølvdrap.
Primstaven er teikna ved Peters nøklar til himmelriket, ein stein eller ein P.
#primstav #peterstol #pedervarmstein