Forøvrig er dette fyrste gong eg har brukt #LastFM til noko anna enn å få statistikk av musikkvanane mine.
Eg såg på artistsida til nokon eg allereie høyrde på, og fann #Pikekyss under "liknande artistar".
Eg må tydeligvis gå oftare der.
#lastfm #pikekyss #musikk #konsert #norsktut #nynorsktut #allheimen
No haldt eg nesten på å bli meir spontant enn eg nokon gong har vore i mitt liv. Høyrde fire låtar av eit band ukjent for meg og var klar til å kjøpe konsertbillettar.
Konsertane i #Bergen er i ei helg eg skal utanbys, og konsertane i Oslo er helga før eg skal til #Oslo.
Notert. Noko vil ikkje eg skal vera så spontan.
#bergen #oslo #musikk #konsert #pikekyss #norsktut #nynorsktut #allheimen