Andreas H. Opsvik :kageaasen: · @tanketom
1019 followers · 3644 posts · Server tutoteket.no

Dagens , 29. juli: , av Heilag Olavs vake.

Vår rikshelgen, død ved denne dagen i slaget på i 1030. På primstaven er dagen gjerne markert med kjenneteiknet hans, ei øks, sjølvaste olavsbilen.

Av gamalt forventa ein flaum denne dagen, olsokflaumen eller olsokrøyta, og dagens vær kunne også spå haust- og/eller vinterværet, litt an på kvar du budde i landet.

Gå og sjå i Verdal ein gong, det er ganske kult! «Er dette garden Sul?»

#primstav #olsok #stiklestad #stiklestadspelet

Last updated 1 year ago

Kjell · @Kjell
45 followers · 89 posts · Server snabelen.no

Jeg har meldt fra til Gimse på fuglesiden at jeg drikker øl fra Nøgne. Men her må jeg vel melde fra til @tanketom når jeg fraviker en? Uansett er påskeferien i gang!

#primstav

Last updated 1 year ago

Andreas H. Opsvik :kageaasen: · @tanketom
877 followers · 2430 posts · Server tutoteket.no

Dagens , 17. mars: , av Sta. Gertrude av Nivelles.

I utgangspunktet nok ein av Kristi Brud-figurane frå legendene – som tiåring nekta ho å bli gifta vekk, då ho alt var tileigna Jesus. Ho grunnla seinare eit kloster for irske munkar i Belgia.

Ho er skytshelgen for spedalske og pilgrimmar, og så seint som 1800-talet blei ho framsverga for beskyttelse mot rotter (og pest). Om det hadde snødd sidan dagen før, kom det til å bli uår for kornet.

#primstav #gjertrudsmesse

Last updated 1 year ago

Andreas H. Opsvik :kageaasen: · @tanketom
877 followers · 2429 posts · Server tutoteket.no

Dagens , 16. mars: , etter (den uoffisielle) islandske helgenen Gudmund.

Han var så grei med dei fattige at han på 1200-talet måtte rømme Island i frykt for aristokratiet der, og flykta til Nidaros nokre gongar – og det er også i Trøndelag han synest igjen på primstaven, stort sett med ein kross.

Om det kom snø på Gudmundsmesse, betydde det godt år for kornet. Om snøen derimot vara til neste dag, varsla det uår.

#primstav #gudmundsmesse

Last updated 1 year ago

Andreas H. Opsvik :kageaasen: · @tanketom
874 followers · 2309 posts · Server tutoteket.no

Dagens : , gamal festdag etter pave Gregor den store. Ofte skildra med ei due på skuldra, som ifølgje legendene dikterte det Gregor sa.

På nesten alle norske primstavar, ofte markert med kvistar som teikn på den komande våren, og denne dagen er av gamalt ei tid å sjå etter vårteikn på.

Grisen skulle få trynet i jorda om våren var på veg, om snøen tødde i dag skulle det bli eit godt år, om det var kaldt burde ein så havre i år.

#primstav #gregorsmesse

Last updated 1 year ago

Andreas H. Opsvik :kageaasen: · @tanketom
864 followers · 2181 posts · Server tutoteket.no

(Går)dagens : , eller (i skotår) .

Dag tidlegare tileigna Judas' erstattar, apostelen (men ikkje disippelen) Mattias, valgt ved loddtrekking.

Om kyrne hadde laupetid før denne dagen, var sjansen for å miste kalvane stor.

Ekstradagen i skotår tradisjonelt vart lagt inn her (isf. vart Mattismesse feira 25. februar).

Ellers var det tradisjonelt ein mild dag, då borna kunne ut etter den kalde vinteren: "Mattis med sitt lange skjegg, lokker barnet utfor vegg."

#primstav #mattismesse #lauparsdag

Last updated 2 years ago

Andreas H. Opsvik :kageaasen: · @tanketom
860 followers · 2157 posts · Server tutoteket.no

Dagens : eller , frå martyrdøden til disippelen Peter, den første paven.

I Noreg var dagen først og fremst teikna ved forestillinga om at Peder no kasta varme steinar i sjø og vatn for å tine is, mange rekna det som første vårdag, då telen snur.

Nokre stader på sørlandet vart du gravlagd utanfor kyrkjegarden om du gjekk gjennom isen etter denne dagen, innforstått som sjølvdrap.

Primstaven er teikna ved Peters nøklar til himmelriket, ein stein eller ein P.

#primstav #peterstol #pedervarmstein

Last updated 2 years ago

Andreas H. Opsvik :kageaasen: · @tanketom
848 followers · 2034 posts · Server tutoteket.no

(Gårs)dagens : , skytshelgen for tannlegar og lidande av tannverk.

I litt forskjellige versjonar går soga hennar ut på at ho fekk tennene slått ut om ho ikkje slutta med si kristne framferd – anten som ikonoklast eller fordi ho ikkje vil seie blasfemiske fråsegner.

Ofte avbilda med ei stor tang og ei laus tann, bla. i Den norske tannlegeforeningen sin logo.

Lite kjend i Noreg, men finst på nokre primstavar. Ein statue av ho står også på nordre tårn i Nidarosdomen.

#primstav #apolloniemesse

Last updated 2 years ago

Mark@RCR 🌀 · @sco7sbhoy
241 followers · 281 posts · Server mastodon.scot

eventbrite.com/e/the-nordic-wh

“The Wheel of - The eventbrite seminar is this Sunday. Tickets start at $22 for the 2 hour long seminar & 1 hour long live Q&A. The recording will be available for up to a month if you cannot attend live.”

#primstav #pagan #animism #norse #webinar #spirituality #runes #Norsepagan #NordicAnimism #seasons #nordic

Last updated 2 years ago

Mark@RCR 🌀 · @sco7sbhoy
241 followers · 287 posts · Server mastodon.scot

eventbrite.com/e/the-nordic-wh

“The Wheel of - The eventbrite seminar is this Sunday. Tickets start at $22 for the 2 hour long seminar & 1 hour long live Q&A. The recording will be available for up to a month if you cannot attend live.”

#primstav #pagan #animism #norse #webinar #spirituality #runes #Norsepagan #NordicAnimism #seasons #nordic

Last updated 2 years ago

Mark@RCR 🌀 · @sco7sbhoy
241 followers · 287 posts · Server mastodon.scot

eventbrite.com/e/the-nordic-wh

The Wheel of - Are you confused? If you aren’t perhaps you ought to be. The eventbrite seminar is this Sunday. Tickets start at $22 for the 2 hour long seminar & 1 hour long live Q&A. The recording will be available for up to a month if you cannot attend live.

#primstav #pagan #animism #norse #webinar #spirituality #runes #Norsepagan #NordicAnimism #seasons #nordic

Last updated 2 years ago

Mark@RCR 🌀 · @sco7sbhoy
241 followers · 287 posts · Server mastodon.scot

eventbrite.com/e/the-nordic-wh

The Nordic Wheel of Seasons - Are you confused? If you aren’t perhaps you ought to be. The eventbrite seminar is this Sunday. Tickets start at $22 for the 2 hour long seminar & 1 hour long live Q&A. The recording will be available for up to a month if you cannot attend live.

#primstav #pagan #animism #norse #webinar #spirituality #runes #Norsepagan #NordicAnimism

Last updated 2 years ago

Mark@RCR 🌀 · @sco7sbhoy
241 followers · 287 posts · Server mastodon.scot

eventbrite.com/e/the-nordic-wh

The Nordic Wheel of Seasons - Are you confused? If you aren’t perhaps you ought to be. The eventbrite seminar is this Sunday. Tickets start at $22 for the 2 hour long seminar & 1 hour long live Q&A. The recording will be available for up to a month if you cannot attend live.

#primstav #pagan #animism #norse #webinar #spirituality #runes #Norsepagan #NordicAnimism

Last updated 2 years ago

Andreas H. Opsvik :kageaasen: · @tanketom
839 followers · 1978 posts · Server tutoteket.no

Dagens : eller musedagen. St. Agatha, nok ei martyrjomfru, som stod imot både tilnærmingar frå Quintianus, og seinare torturen frå hans medhjelparar.

Før døden fekk ho brysta kutta av, difor markerast festdagen i Catania, Sicilia på makabert vis med puppekaker. I tillegg velsignast ofte brød i feiringa.

Det lokale segnet om Ågot som vart biten av mus heilt til ho haldt dagen heilag fekk fotfeste i Noreg, som har ført til at dagen markerast med mus på nokre primstavar.

#primstav #agotsmesse

Last updated 2 years ago

Andreas H. Opsvik :kageaasen: · @tanketom
837 followers · 1973 posts · Server tutoteket.no

(Gårs)dagens : Blåsmesse, eller blåsius – ein dag tileigna heilar St. Blasius, ein av «dei fjorten heilage hjelparane», katolisismens Avengers. I trua mest påkalla mot halsvonde.

Lite kjend i Noreg, og er her mest kopla med at namnet hans er tolka i retning «å blåse». Semiotikken lenge leve! Mykje markert med (blåse)horn, skip eller bispestav.

Blåste det mykje denne dagen, våkna naturen og gav eit stormfullt år, og sjøfolk skulle ikkje nemne dagen ved namn for å unngå ulukker.

#primstav

Last updated 2 years ago

Andreas H. Opsvik :kageaasen: · @tanketom
834 followers · 1949 posts · Server tutoteket.no

Dagens : ! Jesus fremstilling i tempelet? Joda, men før det Marias renselse i tempelet. Joda, mem før det Jesus møte med Simeon. Joda, men før det lysfest for åkergudinna Ceres. Kyndel kjem av det norrøne ordet for vokslys, kyndill.

I primstavkontekst er det Maria det går i, gjerne markert med eit tre av eit slag – som teikn på det livgivande.

Om du NO ikkje alt har rydda ut jula, kan du skulde på at finst nokre stader jula var rekna som å vare heilt til dette.

#primstav #kyndelsmesse

Last updated 2 years ago

Andreas H. Opsvik :kageaasen: · @tanketom
811 followers · 1828 posts · Server tutoteket.no

Dagens : Pålsmesse. Her er det sjølvaste Paulus som skal heidrast, du veit, han med breva. Han var først hardcore farisear, men vart omvendt av Jesu kraft, og seinare halshogd under keisar Nero.

Grunna avrettingsmetoden er dagen ofte markert med eit sverd på primstavar. Andre våpen er heller ikkje uvanleg, som ei boge eller armbrøst, og fleire stader var dagen kalla «Pål skyttar» eller «Pål med boga».

Arbeid som starta denne dagen, ville mislukkast. Vêret denne dagen forutsåg sumaren.

#primstav

Last updated 2 years ago

Andreas H. Opsvik :kageaasen: · @tanketom
808 followers · 1765 posts · Server tutoteket.no

Helgas : Ja, vi har vore gjennom Agnesmesse og Vincentsmesse i kalenderen, hhv. 21. og 22. januar, men eg har valgt å ikkje ta dei med denne runden, all den tid dei hovudsakleg er dagar med lite forankring i norske tradisjonar.

(Sjølv om historia om unge Sta. Agnes og det beskyttelsesvoksande håret hennar er kul, altså. Ekte X-Men-materiale!)

#primstav

Last updated 2 years ago

Andreas H. Opsvik :kageaasen: · @tanketom
801 followers · 1704 posts · Server tutoteket.no

Dagens : Brødremesse! Her er vi faktisk på brothers from different mothers, for Sebastian og Fabian er ikkje brør, dei har berre blitt oppfatta slik i folketrua rundt dagen.

Fabian var ein pave som døydde martyrdøden, og ok, jada, men eg vil fokusere på Sebastian. Mannen som blei avretta med piler, og nekta å døy, så han blei sjåande ut som ei nålepute!

Sidan dei gamle katolikkane hadde ein rar form for humor har han blitt skytshelgen for… bogeskyttarar?

#primstav

Last updated 2 years ago

Andreas H. Opsvik :kageaasen: · @tanketom
795 followers · 1649 posts · Server tutoteket.no

Dagens : Antonsmesse, etter den egyptiske eremitten Antonius den heilage.

Gjerne markert med ein gris, fordi munkane i hans orden hadde privilegier for frittgåande gris. Er ellers ofte avteikna med ei almissebjølle.

"Nesten alle svin befinner seg på primstaver fra Voss," som SNL skriver det så fint (og eitt smalahove, trur eg?). Trekk dine eigne konklusjonar frå det.

Bjørgvin hadde ei av få kyrkjer tileigna St. Anton i Noreg, antonittane hadde Nonneseter på byrjinga av 1500-talet.

#primstav

Last updated 2 years ago