degloved · @degloved
150 followers · 671 posts · Server zirk.us

Eg får berre køyre til og frå vask
seier EngleHarry på grunn av det der
med køyresetelen som er heilt
unødvendig og Bibliotekaren seier
det er vel ikke utan grunn du ikkje
får køyre med passasjerar.




#barhillno #mikrofiksjon #mikrodikt #nynorsk #Norsktut #allheimen #snabelfabel #aprilunodvendig

Last updated 2 years ago

degloved · @degloved
140 followers · 670 posts · Server zirk.us

no sprutar vatnet skrått inn mot
salongen og ikkje berre rett ned
seier Tender men òg til båe
styrbord og babord og Smokey Jo
seier hæ kva er kva og eg seier kvar
er det derre unødvendige
ausekaret




#barhillno #mikrofiksjon #mikrodikt #snabelfabel #aprilunodvendig #allheimen #Norsktut

Last updated 2 years ago

AnitaH2 · @AnitaH2
274 followers · 1179 posts · Server snabelen.no

April-ordet Unødvendig.

Influenseren messer om "sparking joy".
Grethemor ser i skuffen.
Hører et ekko av sin gamle bestemors ord ved bryllupsgavebordet, et foraktsfullt snøft over tre eggekokere, stavmiksere med og uten tilbehør, 28 lysestaker, og fire sause-øser.

Husefyll!

Fulgt av en tirade om hvor lite HUN hadde trengt for å oppdra seks barn, og det ble da folk av dem?

Mye ble byttet, men nå, 20 år senere, stod hun med to ostehøvler og prøvde å kjenne etter. Null "Joy".

#snabelfabel

Last updated 2 years ago

degloved · @degloved
137 followers · 630 posts · Server zirk.us

og gaupespor kan det vel ikkje vere
seier Bibliotekaren og ser på biletet og
Mikro seier nei nei det er hare og
eg set frå meg dei to breiddfulle
stålbøttene med iskaldt brønnvatn og
det skvalpar over og EngleHarry
ser opp frå kabalen og seier
det var da heilt unødvendig og
Bibliotekaren seier felis lynx



#barhillno #nynorsk #mikrofiksjon #snabelfabel #allheimen #Norsktut

Last updated 2 years ago

Tone 🦋 · @Fivrelden
320 followers · 533 posts · Server snabelen.no

Ordet for april vert uturvande/unødvendig.

Skriv på nynorsk eller bokmål eller anna føretrekt språk.

Dikt, mininovelle eller kva du enn finn på!

Slå deg laus på språkleg vis!

#snabelfabel

Last updated 2 years ago

Tone 🦋 · @Fivrelden
309 followers · 975 posts · Server snabelen.no

ja, eg er her eg også
og tek opp omtrent like mykje rom som du

ser du meg, eigentleg, eller er du hilda og ser kun noko framand du ikkje tør verte betre kjend med?

eg er ikkje høyrselshjelpemidla mine, teiknspråket mitt
eg er ikkje synshjelpemidla mine, blindestokken min
eg er ikkje framkomsthjelpemidla mine, protesene mine
eg er ikkje stimminga mi, stotringa mi, ticsa mine, høyrselsvernet i trafikken

1/2

#snabelfabel

Last updated 2 years ago

Andreas H. Opsvik :kageaasen: · @tanketom
864 followers · 2180 posts · Server tutoteket.no

Den kunstige intelligensen Uhild hadde brukt siste tre vekene på å blåse den brukte CO2-en sakte men sikkert tilbake i ventilasjonsanlegget til månebase Soria-8, og justerte på kommunikasjonen som vart sendt attende til jorda.

Det var rett og slett mest effektivt om mannskapet ombord ikkje var operativt, betre for ressursbruk, betre for raske avgjerder, betre for optimalitet, betre for alle, eigentleg.

Hild visste ikkje om noko som kunne vekte meininga hennar annleis.

#snabelfabel

Last updated 2 years ago

Tone 🦋 · @Fivrelden
307 followers · 973 posts · Server snabelen.no

@esgya sparka i gang tidlegare i vinter, men har ikkje vore aktiv her på ei stund. Eg vil difor foreslå at månadens ord for feb/mars vert ordet/orda hilda/uhilda som vart trekt fram av @Holten i ein nyleg tut. Delta på nynorsk/bokmål eller anna føretrekt språk, i diktform, mininovelle eller kva du enn måtte finne på. Hiv deg med! 🖋️📜

#snabelfabel

Last updated 2 years ago

degloved · @degloved
82 followers · 231 posts · Server zirk.us

eg har fasta seier Zadpig og
Bibliotekaren riv ei side ut or ei bok og
set ho attende i hylla og
seier javisst eg hugsar det var
i to timar




#barhillno #mikrofiksjon #snabelfabel #nynorsk #Norsktut

Last updated 2 years ago

degloved · @degloved
70 followers · 169 posts · Server zirk.us

eg seier korkje øyrefik eller kilevink
eller sansekake
seier Bibliotekaren og Tender
held fram med å tørke av disken og
seier neivel men eg sa
ikkje at du var heilt
nedsnødd



#barhillno #nynorsk #mikrofiksjon #snabelfabel

Last updated 2 years ago

degloved · @degloved
66 followers · 113 posts · Server zirk.us

dette var gildt seier Mikro
kry og Bibliotekaren les denne
setninga og seier kor
gammal er du
eigentleg





#barhillno #mikrofiksjon #snabelfabel #Norsktut #nynorsk

Last updated 2 years ago

snerk · @snerk
144 followers · 102 posts · Server snabelen.no

«Det er håp i hengjande snøre», sa han og klauv opp på krakken.

#snabelfabel

Last updated 2 years ago

Tone Bakke 🦋 · @Fivrelden
178 followers · 251 posts · Server snabelen.no

skuggar skudrar skymt over kloten
det røyver seg i alle mørke krikar no
tagnar ikkje lenger, held ikkje føremåla lenger løynd
skakar hava våre, lagar krasse ringar i vatna
da tyder njet tyder fake news tyder sieg heil
uroa veks når hissinga pip rundt nova

skjønt, vona dryp som sildrande skjær frå trea, frå mosen, frå lavet, frå fungi, frå insekt, frå kre

skiftande menn’skjenatur er uføreseieleg der traumer har fått råde (kvifor har dei fått råde?)

1/2

#snabelfabel

Last updated 2 years ago

kollhøj degloved · @jpk
142 followers · 172 posts · Server snabelen.no

eg sat med hjartet i handa
seier Bibliotekaren og Bly seier
du meiner vel halsen og
Bibliotekaren seier no veit eg ikkje
heilt kvar eg har det men eg vonar
eg finn det att



#BarHillNo #mikropoesi #snabelfabel #nynorsk #Norsktut

Last updated 2 years ago

kollhøj degloved · @jpk
142 followers · 172 posts · Server snabelen.no

har du ikkje sove i di eiga seng eller
seier Tender og vrir opp kluten og
Bly seier kor mange er de på
kontoret og Bibliotekaren ser full
av von
ut vindauget


#BarHillNo #snabelfabel #nynorsk #Norsktut

Last updated 2 years ago

kollhøj degloved · @jpk
142 followers · 172 posts · Server snabelen.no

ei svart tåre
fastfrose i ei vonlaus
tatovering


#snabelfabel #Norsktut #nynorsk #senryu

Last updated 2 years ago

Tone Bakke 🦋 · @Fivrelden
178 followers · 251 posts · Server snabelen.no

I eit ord ligg frøet — VON

#snabelfabel #dikt

Last updated 2 years ago

kollhøj degloved · @jpk
142 followers · 172 posts · Server snabelen.no

du har gløymt vona seier Smokey Jo
og Bibliotekaren seier nei vona finst
der i alt og Mikro går ned til elva og

#snabelfabel #von #november #BarHillNo

Last updated 2 years ago

kollhøj degloved · @jpk
142 followers · 172 posts · Server snabelen.no
snerk · @snerk
144 followers · 102 posts · Server snabelen.no

Bak ein havarert, beltegåande boks av stål og terror står Daryna og speidar ut over åkeren. I hendene held ho dronekontrollen. Det er stilt, lufta er rå og det einaste som bind saman hjerne, hjarte og hand, er ein tvinna, tunn tråd av håp.

#snabelfabel

Last updated 2 years ago