R to @politivest: #Sotra #Spjeld #FV561: MC er ute av vegen. Trafikken går som normalt igjen. Bilberger er på veg til staden.
#Sotra #Kolltveittunnelen - det vil gjennomførast ei øving i Kolltveittunnelen frå no og fram til ca 1100. Kan observerast rauk i samband med dette, mykje utrykingskøyretøy. Tunnelen er stengd under øvinga.
#Sotra #Kolltveit - kl 2237 meldt om mykje røyk i Kolltveittunnelen. Det lukta svidd kløtsj der. Det er ingen brann i tunnelen. VTS er varsla og tunnelen er stengd. Politiet er på veg til staden for å undersøkja.
R to @politivest: #Sotra #Sund #Klokkarvik - oppdatering: Retting på forholdet. Det viste seg å vera øvingskøyring og det var følgjesperson som fikk førarkortet sitt beslaglagt.
#Sotra #Sund #Klokkarvik - UP har gjennomført fartskontroll i 50 sona i Sundvegen ved Forland. Det vart skrive 4 forenkla førelegg og 1 melding. Høgaste fart var 98 km/t og førar av denne bilen fekk førarkortet sitt beslaglagt.
#Sotra #Kolltveit - kl 1120 meldt om trafikkulykke. Bil og syklist som har hatt ein samanstøyt på ein liten lokal veg; Møllestykket. Syklist er vaken og medviten. Førar av bilen er på staden. Politiet rykker ut.
#Sotra #Kolltveit - kl 0001 melde om hissig og utagerande mann på bensinstajonen YX. Ropte og skreik inne på stasjonen, prøvde å angripa betetningen. Politiet rykte ut og har kontroll på mannen.
R to @politivest: #Sotra #Lie #Liaskjervegen - oppdatering: ca 3- 400 kvm som er svidd av. Brann på staden og har starta sløkking. Pr nå ikkje fare for spreiing til busetnad.
#Sotra #Lie #Liaskjervegen - kl 1414 meldt om bråtebrann som kan vera i ferd med å komma ut av kontroll. Skal vera ved Nordre Sjoarvegen. Folk på staden prøver å sløkkja. Politi og brann rykkjer ut.
R to @politivest: #Sotra #Skogvsåg #Hidlamyrvegen - oppdatering: Evakuering går føre seg, brannvesenet er framme på staden og har kontroll på brannen, avgrensa til ei avdeling. Det er ein god del rauk i bygget, ikkje meldt om skadde personar.
#sotra #skogvsag #hidlamyrvegen
R to @politivest: #Sotra #Misje - oppdatering: vegen er open for fri ferdsel. 3 personar vart frakta til Haukeland sjukehus, vaken og medviten.
R to @politivest: #Sotra #Misje - oppdatering: førebels status er 1 person er skadd, vaken og medviten, blir frakta med luftambulanse til Haukeland. Vegen framleis stengt. Politiet jobbar med undersøkingar på staden, og med å få fram bilberger slik at vegen kan opnast så fort som mogleg.
#Sotra #Sørefjellavegen Kl 10:54. Ein mann i 30 åra er stansa etter vinglete køyring av UP. Mistanke køyring i rusa tilstand. Blir framstilt for blodprøve på legevakta.