#Tysnes #Uggdal Kl 0523 Meldt om ein pågåande mann som oppsøkte camp, vektarar vart ikkje kvitt han. Prøvd i over 1,5 time. Han yppa til bråk med folk, rusa. Mente han ønskte å selja ulovlege rusmiddel. Patrulje til staden og vedkommande (mann i 40-åra) vist bort frå staden.
#Tysnes #Mundheimsvegen, kl 1402: Ein personbil med ein person i har køyrt i grøfta og inn i ein fjellvegg i Mundheimsvegen ved Tegland. Bilen står delvis ut i vegbanen. Bilførar skal vera ute av bilen, og medvite. Nødetatar på veg til staden.
#Tysnes #Lundegrend, kl 1059: Meldt om brann i ein traktor. Står rett i nærleiken av ambulansestasjonen. Skal brenna godt i traktoren no. Nødetatar på veg til staden.
#Tysnes #Hegglandsvegen FV549 Meldt om trafikkuhell mellom tre bilar, smal veg. Ikkje meldt om alvorlege personskadar men kollisjonsputer utløyst. Nødetatane er på veg.
#Tysnes #Lundegrend, kl 1051: Meldt om brann i eit båtbyggjeri. Nødetatar på veg til staden.