#VestPD Vinglebilar: E16 Arna; turistar frå annan verdsdel. E16 Lærdal; trailersjåfør frå anna europeisk land. E39 Alver: lokal sjåfør, ukjend årsak. Alle blåse til edru og forklart/formant om køyring på vestlandet/Noreg.
#VestPD Me har problem med telefonnummeret 02800. Ring 55 55 63 00 om du ønskjer kontakt med oss for førespurnader som ikkje er akutt/nød. Nødlinjene verkar som dei skal.
#VestPD Me minner om test av Nødvarsel kl 1200 i dag. Alle påslåtte mobiltelefonar vil gi frå seg høg lyd samt vibrere. Del gjerne vidare, f.eks på arbeidsplassen din, til barn og eldre eller andre som du tenker kanskje ikkje har fått dette med seg. Sjå http://nodvarsel.no
#VestPD 14.juni kl 1200 skal Nødvarsel på mobil testast. Alle påslåtte telefonar vil gi høg sireneaktig lyd og vibrera! Snakk gjerne med barn og eldre om dette på førehand. Stader der mange er samla vil det bli mykje lyd. Sjå http://nodvarsel.no og dsb. no for meir info!
#VestPD Roleg natt i heile Vest pd, lite folk i utelivet og dermed få hendingar med fyll & spetakkel.
#VestPD Ver merksam på den såkalla "dagen-derpå" promillen! UP hatt kontroll på E39 ved Nordhordlandsbrua, kvinne i 70-åra blåse til litt over lovleg verdi. Nokre liknande tilfelle i går. La bilen stå litt lengre enn du kanskje tenkte, om du hadde nokre glas kvelden/natta før.
#VestPD Ingen i drukkenskapsarrest, ein del vist bort frå Bergen sentrum, som vanleg, etter slåssing/tilløp til slåssing, krangling med vektarar/dørvakter og ordensforstyrringar.
#VestPD Er du ute på byn? Me minner om at klokka skal stillast fram i natt, idet klokka blir 0200 må du stilla ho fram til 0300. Og dermed er skjenkinga stengd og det er heilt greitt å tusla heimover. PS: me har ikkje laget reglane,så ingen vits å diskutera dette med politiet :-)
#VestPD Nærmar seg heimreise for vinterferieturistar. Våre beste råd: følg køen framfor deg. Lange luker skaper kø. Slepp inn andre i rundkøyring sjølv om du har forkjørsrett, jamn fart og fletting hjelper alle. Om mogleg køyr heim utanom dei verste trafikktoppane i ettermiddag.
#VestPD Både i Bavallen på Voss og i Heggmyrane i Luster treffer du uniformert politi i alpinbakken i dag. Synleg nærvær for å førebyggja ulykker, tjuveri og god dialog med unge og gamle er hovudformålet.
#VestPD #Myrkdalen Vinterferien er i gang i skianlegga her vest, og nokon dreg nok g-kreftene i svingane hardare enn andre: endå eit utløyst nødvarsel frå smartklokke med posisjonering i skianlegg. Men alt ok på staden, vedkommande avslutta alarmen på eigenhand.
#VestPD Ikkje så lett å vera ny i landet når fleire stader har samme namn: ein ukrainsk flyktning skulle frå Bergen til Leirvik i Hyllestad, men hamna i Leirvik på Stord, tok feil båt. Med god hjelp frå politiet, Kystbussen og Vy buss er han no på god veg til rett Leirvik :-)
#VestPD Meldt om krevjande forhold på vegane frå kyst til fjell i heile Vest politidistrikt. Regn/sludd gir mykje overvatn og store dammar i lågare strøk, sludd/snø gir slapseføre og dårleg føre i høgare strøk. Køyr roleg, avpass farten, hald avstand, følg køen, slepp forbi.
#VestPD Hei du, var du på fest i går/i natt, med herr&fru alkohol? Og skal køyra bil i dag? Hugs at dagen-derpå-promillen kan sitja lenge i kroppen, og det er individuelt kor lenge. La bilen stå, så slepper du ubehagelege overraskingar.
#VestPD Natta samanfatta; mykje meldingar på uvitig bruk av fyrverkeri, mange mindreårige involverte i dette. Ingen større alvorlege hendingar. Forholdsvis roleg i gamle S&F og Hordaland, flest oppdrag i Bergensområdet knytt til festlivet.
#VestPD Meldt mykje regn og vind utpå dagen. Kanskje du kan bruka morgonstunda til å sjå at ikkje is eller rusk og rask ligg over sluk og nedløp på/ved eigedommen din? Og at det ikkje er lause gjenstandar/presenningar/bossekker med julepapir som vil flagra av garde i vinden.
#VestPD Me fekk nødsamtale på 112 med ei automatisert stemme som sa at "vedkommande har vore involvert i ei alvorleg ulykke". Då me oppnådde kontakt viste det seg at han er på ski og at mobiltelefonen har varsla av seg sjølv. Antar at det har gått fort i svingane med låge knebøy.
#VestPD I helgane har me tidvis litt telefonar på morgonkvisten frå folk som saknar partnaren,ofte etter bytur eller julebord.Juleborda er snart slutt,men me tenkjer at fjellvitreglane også fungerer på ekspedisjonar til freistingane i bylivet,særleg nr 1,2 og 8. #fjellvettreglene